Frå damelaget til Fitjar IL får me opplyst at dei nytta den vakre haustkvelden søndag til å slå Flaktveit heile 8-1.

I ein velspelt kamp på «kunstet» hadde dei ingen problem med å kjøra over damene frå Flaktveit. Målscorarar for Fitjar var Britt Lise O. Volden (3), Elin Kvia (2), Anne Kristin Skår, Gro Hatlevik og Kari Steinsland.