Handballdamene tapte gårsdagens seriekamp mot Fyllingen 3.

Det er Harald Engevik som fortel dette til Fitjarposten. Laget hadde stor tru på siger mot Fyllingen. Kampen starta svært nølande, med mange personlige feil, og Fyllingen fekk lett spel mot eit tafatt Fitjar-forsvar. Til pause leia Fyllingen sine rutinerte damer 16-9.

Andre omgang vart mykje betre enn fyrste. Målvakt Solveig Fitjar fekk betre tak på målvaktsspelet, og både forsvar og angrep fungerte betre. Med 7-8 minutt att å spele var leiinga nede i 3 mål. Fyllingen tok timeout, og klarte å ri av stormen og kunne innkassera siger 27-24. I ein brukbar 2. omgang synte Amalie Korsvik godt angrepsspel.

Førstkomande tysdag møter laget Tertnes på heimebane. – Me treng støtte frå publikum, seier Harald til slutt.

Fitjar sitt lag mot Fyllingen 3:
Solveig Fitjar, Maria Larsen, Lilian Gjuvsland, Ingvild Kannelønning, Amalie Korsvik, Julie Jensen, Marita Helland, Randi Thorland og Marit Thorland. På benken: Charlotte Solberg og Harald Engevik.