I øs pøsande regn møtte damelaget Fana på kunstgraset i går kveld, og vann 4-3. Me starta kampen med å skåra ganske med ein gang. Alle var skikkeleg "tennt" til å slå detta laget som berre har tapt ein kamp tidlegare i år, og det viste på innsatsen til alle som var på banen.

Det var vanskeleg å spela for det var masse vatn på banen så ballen stoppa opp ganske ofta, men me jobba godt på. Etter ei stund ut i omgangen fekk me nok eit mål, og stillinga var 2-0 til oss. Men Fana fekk eit mål rett før pausen,så då pressa dei oss godt,men me gjekk til pause med 2-1 ledelse.

Me bestemte oss i pausen at me måtte gå hardt ut og få oss eit mål med ein gang, det var ikkje mange minuttane ut i 2. omgang at me fekk oss eit veldigt viktig mål, og då styrte me da mesta. Me gav alt og litt til og fekk jammen eit til mål, då følte me at detta går vår vei. Men Fana svarte med å scora ca. 10 min før slutt , så då kunne alt skje igjen, men me ville mest og vant fortjent 4-3. Da var ein skikkeleg slite kamp i eit forferdelegt ver. Og alle kjempa og sto på til siste nikk, men eg personleg vill trekka fram ein spelar som var dagens beste på banen, og ho er vel den yngste også som var med i går, og det er Ingrid Einertsen.Veldigt kjekt at unge/nye spelara etablerer seg so godt i laget!

På fredag 28.september kl. 18.00 er det ein ny viktig kamp for damelaget, då skal me møta Halsnøy på kunstgraset. Då håper me at det er mange som møter opp og heier oss til seier!

Ellers er det veldigt kjekt å sjå fotballleiar Tore Nesbø på sidelinja….viktig at ein veit at styret bryr seg:-)