Damelaget har hatt pause i serieprogrammet, og nytta torsdagskvelden til å spela treningskamp mot juniorjentene til Stord.

Fitjardamene var fysisk sterkare og meir pasningssikre, og gav seg ikkje før dei hadde putta ballen heile 21 gonger i Stord-målet.

Neste seriekamp er borte mot Skogsvåg 15. mai.