Etter å ha lege under 1-3, snudde Fitjar sitt damelag kampen i 2. omgang, og vann fortent 4 -3.

I første omgang var det mykje ujamnt spel frå Fitjar si side, med lite trøkk i angrepet og tynt i forsvaret. Så når Telavåg fekk eit par lettvindte mål, såg det stygt ut for heimelaget.

Men så samla ein seg skikkeleg i 2. omgang.
Mellom anna gjekk Britt Lise Volden fram i angrep, mens  Ingrid Einarsen gjekk i forsvar, noko som synte seg å vere eit bra strategitrekk.
Og når så dei andre på laget følgde opp, var det duka både for redusering, utlikning – og til slutt siger.

Målskårarar for Fitjar var: Britt Lise Volden (2), Birte Steinsland (1) og Gro Hatlevik (1).