Damelaget til Fitjar IL tapte 3-7 for Åsane i ein våt, men fairspelt batalje på kunstgraset laurdag.

Damene har gått frå siger til siger i serien for sjuarlag, og så seint som for eit par år sidan vann dei krinsmeisterskapen. Men så vel er det ikkje lenger; det har dessverre tynnast noko ut i rekkjene, og poenga sit langt inne.

Så også i oppgjeret mot Åsane i går. Gjestene frå drabantbyen i Bergen tok tidleg føringa, og leia 3-0 etter første omgang. Hadde det ikkje vore for ei rekkje feberredningar av Fitjar-keeper Margaret Hillestad, kunne det ha sett endå styggare ut. Ho imponerte med god reaksjon og faste klyper.

Men godt keeperspel er ikkje alltid nok, og då Åsane gjekk opp til 4-0 i byrjinga av andre omgang, var kampen i røynda avgjort. Sjølv om Fitjar melde seg på att med redusering til 1-4 ved Anne Kristin Skår og 2-4 ved Tiril Bukkholm Stegane. Åsane gjekk snart opp til 5-2, og Fitjar klarte berre å redusera ein gong til, ved Randi Thorland. Og på slutten blei det både 6-3 og 7-3, før laga fekk lov å komma seg i hus i det ufyselege regnveret.

Fitjar stilte med dette laget:
Margaret Hillestad, Gunn Evy Henriksen, Synnøve Helland, Anne Helene Vestbøstad, Amalie Nesbø, Randi Thorland, Anne Kristin Skår, Solveig L. Fitjar og Tiril B. Stegane.