Fitjar sitt damelag i handball opnar med seriekamp mot Os 3 førstkomande laurdag i Idrettshallen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Damelaget spelar i 5. divisjon.

– Det vert ein tett serie i år. Mange lag satsar. Me skal likevel hevde oss. Målet er topp 3, seier Helge Hafsås, som saman med Charlotte Solberg trenar laget.