Glade målscorarar, Anne Kristin Skår og Stina Rimmereid. Foto: Kjetil Rydland.

Etter 5-0 mot Bremnes torsdag kveld er Fitjar-damene serievinnar for andre gong på rad.

Fitjardamene møtte Bremnes i siste og avgjerande seriekamp heime på kunstgraset torsdag kveld. Med seier ville Fitjar vera serievinner for andre år på rad. Fitjar tok kommandoen frå start, og kampen var så vidt kommen i gang når Stina Rimmereid jobbar ballen i mål. Kun få minutt seinare tar Anne Helene Vestbøstad med seg ballen frå midt på banen, passerer 2-3 Bremnes-spelarar og aleine med keeper set ho ballen sikkert i hjørnet, og Fitjar har fått ei kanonopning på kampen. Resten av 1 omgang veksler spelet at og fram der begge lag er farleg frampå og lett kunne ha laga eit mål eller to. Omgangen «ebbar» likevel ut med ein fortent 2-0 ledelse til pause.

Andre omgang opnar med massivt press mot Bremnes-målet, og det er fullt fortent når Anne Kristin Skår legg på til 3-0 etter få minutt, mål nummer 100 for damelaget i årets sesong! Birte Steinsland legg på til 4-0 etter glimrande forarbeid av Aina Vestbøstad, når så Elin Kvia eit par minutt før slutt hamrar ballen i mål til 5-0 er det ingen tvil, Fitjar tar i land ein ny puljeseier. og no venter to harde kretskamper, sannsynlegvis mot fjorårets motstandarar Selbjørn og Frøya.  Klarer Fitjardamene ta fram det beste dei kan i dei kampane, skal det vera store muligheter for eit nytt kretsmesterskap i år og.

Glade målscorarar, Anne Kristin Skår og Stina Rimmereid. Foto: Kjetil Rydland.

 


Trenar Stein Gunnar Halleråker sprettar champagneflaska. Foto: Kjetil Rydland.
Trenar Stein Gunnar Halleråker sprettar champagneflaska. Foto: Kjetil Rydland.