Søndag avslutta fitjardamene sesongen med 8-0 siger over Telavåg. Me har ikkje tapt i haust, så det var spennande om me kunne holda det i siste kamp også.

Me reiste med buss, og atter ein gang med Terje Aleksandersen som sjåfør.

I dag hadde me ganske mange og gode supporterar også på sidelinja, noken hadde faktisk kjørt i ca. 7 timar for å sjå oss spela denne kampen…

Me opna kampen i kjent stil med å gå ut i hardt tempo, og det fekk me igjen for, det tok ikkje mange minuttane så leda me 1-0. Vips! var det 2-0 til oss.

Men Telavåg er ikkje noko enkelt lag å møta, dei har store spelarar som er vanskeleg å runda rundt, spesielt i forsvaret deiras. Dei er også ganske lette å få sure, då blir det lett for at me også hiv oss ut i karusellen. Men ikkje i dag.

Men i år har me vore eit veldigt godt og stabilt lag, og det viser resultatet på tabellen.

Mot slutten av 1.omgang er me VELDIG uheldige(eg holdt ikkje rundt spelaren slik dommaren meinte ifrå hans ståsted) Telavåg får straffe:-( Men heldigvis rettferdigheten seira og oppmannen på Telavåg skyt ein veldig dårleg straffe mot ein veldig god keeper i dag, og eldste på banen Margaret Hillestad. Stillinga til pause er heldigvis 2-0 til oss.

2.omgang opnar Telavåg ein del bedre enn oss, men me våkner etter kvart og får til mykje flott spel framover på banen. Etter ei lita stund ut i omgangen har me endeleg funne nettmaskene igjen,det eine målet etter det andre renn inn bak målvakta til Telavåg. Me vinn fortjent 8-0, og for første gang iår hadde me ikkje baklengsmål:-)

Me avslutta sesongen med stil!!! Alle som var med idag gjorde ein kjempe flott jobb som resulterte i ein flott avsluttning på sesongen, trenar Stian Torland også:-)