Damelaget til Fitjar IL hadde ingen problem med Kleppestø i første heimekampen i årets 5. divisjon, og vann så klart som 30-20.

Fitjar IL sitt damelag i handball vant sin fyrste kamp for sesongen med 30-20 mot Kleppestø. Etter ei god opning på kampen stod det 12-4 til heimelaget då det var att ca. 10 minuttar av fyrste omgang. Spelet sat ikkje like bra dei siste 10 minuttane, slik at ein gjekk til pause med leiing 14-7.

2. omgang var av vekslande kvalitet. Motstandarane kom litt for lett til med skot frå distanse, men hurtige kontringar la grunnlag for ein behagelig siger 30-20. Toppscorar vart Kaia Hillesdal med 9 mål.