Fitjar Halvmaraton blei avvikla søndag ettermiddag med favorittsigrar både i dame- og herreklassen. Astrid Dahle frå Haugesund IL vann klart på ny løyperekord, 1.36,46, medan klubbkamerat Jan Birger Hansen var like suveren i herreklassen, med tida 1.21,16.

Deltakinga i årets halvmaraton på Fitjar blei noko tynnare enn arrangøren kunne ønskja. Totalt i dame- og herreklassen stilte 15 løparar til start. Fleire lokale heltar glimra med sitt fråvær, men Fitjar-løparen Bård Inge Bø sprang inn til ein fin 2. plass. På slutten avgjorde han duellen med den utflytta fitjarbuen Bjarne Skumsnes. Vinnaren Jan Birger Hansen frå Haugesund vann med over 8 minutt, og sigeren hans var aldri truga. Den einaste søm prøvde å følgja han, var Fana-løparen Bjørn Tore Taranger, som lenge låg an til ein klar 2. plass. Men på Rimbareid møtte han veggen; han fekk nok svi for at han hadde prøvd for lenge å følgja vinnaren.

I dameklassen gjekk òg sigeren til Haugesund IL. Astrid Dahle er rett nok gift med ein utflytta fitjarbu, Øystein Dahle, som blei nummer 8 i dagens halvmaraton. Ho gjekk i leiinga frå start og vann på ny løyperekord. Med tida 1.36,46 var ho over 6 minutt før nummer 2, Bodil Melkevik. Også ho frå Haugesund IL, og vinnar av Fitjar Halvmaraton i 2002 og 2003.

Trass det våte veret blei også tidene til fleire av dei andre løpararne relativt gode. Truleg pga. gunstig temperatur. Sjå vedlagt resultatliste. Jamt over fekk deltakarane betre tider enn dei har fått i same løpet tidlegare. Arrangørkomiteen Øyvind Skålevik og Rolf Vik i Fitjar Idrettslag kunne nok tenkt seg litt større deltaking, men er elles fornøgde med avviklinga av årets Fitjar Halvmaraton.