Dersom du har lyst til å bli med på buss- og båttur til Røvær, er det tid for påmelding no.

Nokon vil straks tenkje at det er diakoninemnda som innbyr til tur, og det stemmer. Inger Marie Gilje fortel til fitjarposten.no at turen går av stabelen torsdag 8. september. Heile turen medrekna middag og kaffe og fruktservering kostar 600 kroner. Fleire opplysningar får du ved å lese plakater rundt om i bygda. Påmelding til kundetorget tlf. 53 45 85 00 seinast måndag 5. september.

I det vesle øysamfunnet Røvær, vest for Haugesund, bur det litt over hundre menneske. På øya er det blant anna vandrarheim og kulturhotell, og ikkje minst skule, barnehage og butikk.