Eldrerådet. Frå venstre og rundt bordet: Dagfinn Lyngvær, Grete Marit Veka Maraas, Hilde Karin Tufteland, Gunnbjørg Kristin Vik, Ole Haukeland og Marianne Ytrearne (skrivar). Foto: Harald Rydland

– Det nye eldrerådet i Fitjar har no konstituert seg, og er klare til å gå laus på oppdraget sitt, skriv ordførar Harald Rydland i ei pressemelding.

Etter kommunelova skal det oppnemnast eldreråd i alle kommunane i landet. Kommunestyret i Fitjar oppnemnde i haust medlemer til eldrerådet for dei neste fire åra. 

– Eldrerådet skal vera eit rådgjevande organ for kommunestyret i saker som gjeld eldre. Dei kan og ta opp saker på eige initiativ, men dei skal ikkje behandla saker som gjeld avgjerder for einskildpersonar. 

På det første møte vart Dagfinn Lyngvær vald til leiar medan Gunnbjørg  Kristin Vik vart nestleiar. Ole Haukeland er og med i rådet. Grete Marit Veka Maraas er politisk representant, medan Hilde Karin Tufteland representerer helse- og omsorgsetaten i kommunen. 

– Me set pris på gode idear til saker som rådet kan arbeida med, skriv eldrerådet, og ber folk ta kontakt om dei har noko på hjarta.