Kanadagjæser har kasta seg på vengjene i søre enden av Storavatnet i dag. Heilt framme to ender. Foto: Kjetil Rydland.

Grågåsa viser godt igjen i Skålavikjo og andre sentrumsnære strok, men ei og anna kanadagås har menga seg med grågjæsene i Ovbygdo.

I Podlen i søre enden av Storavatnet er det ofte både ender av ulike slag, hegre, fossekall og andre fine fuglar å sjå. På bakkane beitar grågåsa, og her har ho fått selskap av fleire kanadagjæser.

Kanadagås er lettast å skilja frå grågås på den kvite flekken på kinnet. Foto: Kjetil Rydland.

Dette er ein art som først blei introdusert i Hordaland i 1972, då ti gåsungar frå Sverige blei sette ut ved Erslandsvatnet på Bømlo. Kanadagåsa har formeira seg kraftig, og truleg meir enn ein såg for seg den gongen. Og etter kvart blei ho ei plage for bøndene, som såg fuglar av den nye arten eta bakkane reine for gras, og lata etter seg mykje skit.

Allereie i 1981 finn me lesarinnlegg i «Sunnhordland», der det går fram at kanadagåsa er i ferd med å bli upopulær. I 1982 gav viltnemnda i Fitjar fellingsløyve på seks kanadagjæser. Utover på 1980-talet blei kanadagåsa til ei sann plage, då store flokkar øydela grasavlinga for bøndene.

Seinare har plaga variert noko på innmarka hos dei lokale bøndene våre, men kanadagåsa er ingen populær gjest.

Lesarbrev i «Sunnhordland» 25. mars 1981.
Gåseskit er gjødsel som bøndene ikkje set særleg stor pris på. Foto: Kjetil Rydland.