Vinterle ho. Dette er ein forholdsvis ny fugl hos oss. Foto: Kjetil Rydland.

I dag kom me over ei vintererle i vasskanten ved Jøtulsbrutjødno. Dette er ein relativt ny fugl hos oss.

Den som bryr seg om å sjå etter, kan studera eit rikt fugleliv i Jøtulsbrutjødno, som ligg mellom Rydland bru (Årbøbruo) og Fjellheim.

Her er blant anna ender av ulike slag, og rett som det er, kan me sjå ein hegre sitja i vasskanten og venta på eit uheldig bytte.

I dag gjekk ei vintererle langs kanten i øvre enden, saman med ei skogsnipe, ein mykje vanlegare fugl hos oss.

Fuglekjennar og naturfotograf Jan Rabben er ikkje i tvil om at dette er vintererle, hofugl.  Han fortel at hannen er knallgul på bryst og mage.

Fuglekjennaren synest dette er ein interessant observasjon; for nokre år sidan fotograferte han vintererle der Tveitaelva renn ut i Storavatnet, nedanfor fossen.

Han meiner ho hadde reir der. Ho legg reiret nær fossespruten, ofte bak små fossefall, akkurat som fossekallen, fortel Rabben.

Vintererle er relativt ny som hekkefugl på Vestlandet. For nokre år sidan nærast eksploderte bestanden, seier Rabben, og sidan har han variert ein god del.

Skogsnipe er ein mykje vanlegare fugl, som me har skrive om før. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -