Ein vaksen storlom på Midtvatnet fredag kveld. Foto: Kjetil Rydland.

Storlom er ein sky fugl som vanlegvis ikkje poserer for fotografen, men fredag kveld gjorde han eit unnatak på Midtvatnet. No kan me òg bringa bilete av reiret og ein unge som er ute og sym på Botnavatnet med foreldra sine.

Storlom er utbreidd i det meste av landet, og i Fitjar har han hekka ved Mosavatnet dei siste åra. Sikre kjelder melder at dei har sett han der oppe i år òg. Men nede ved inste enden av Botnavatnet har vår mann på fjell og vidde tilfeldigvis kome over eit storlomreir i år. Der låg reiret like ved vasskanten; lommen er nemleg lite flink å ta seg fram på land.

Ute på Botnavatet sym herr og fru Lom med ein av ungane sine; om dei har fleire, klarte me ikkje å sjå. Foto: Kjetil Rydland.
Ved inste enden av Botnavatnet blei det klekka ut lomeungar i sommar. Foto: Kjetil Rydland.

Det kan såleis synast som om det er hekkande storlom både ved Botnavatnet og Mosavatnet. Men ofte må me nøya oss med å nyta synet av den store, flotte fuglen på avstand, for han er sky. Og kjem me for nær, dukkar han gjerne, og kjem opp att ein annan stad på vatnet.

To lomeegg ved Mosavatnet i byrjinga av juni. Foto: Halvard Wiik.

Derfor var gleda stor i går kveld, då ein vaksen storlom viste seg fram på Midtvatnet. Rett nok dukka han med jamne og ujamne mellomrom, og dukka opp at heilt andre stader på vatnet. Men han var ikkje så sky som venta.

Storlom et fisk, og blei tidlegare rekna som «skadefugl». Det er ein relativt stor fugl; han kan bli 68 cm lang og vega opp til 3,5 kg. Vengespennet kan bli heile 125 cm. Han er ein delvis trekkfugl; ein del norske fuglar overvintrar ved kysten i Sør-Noreg, og andre trekkjer sørover til Biscayabukta, mellom Frankrike og Spania.

Blant anna på grunn av vasskraftutbygging har bestanden av storlom gått sterkt tilbake i Noreg. Det er såleis gledeleg at storlommen ser ut til å klara seg bra her hos oss på Fitjar. (Kjelde: Wikipedia.).

Skriket til storlomen er både klangfullt og trolsk; du kan høyra det på nettstaden fuglelyder.net.

Sjølv om storlommen er ei kløne på land, er han ein elegant fugl i vatnet. Foto: Kjetil Rydland.
Storlommen poserte villig. Foto: Kjetil Rydland.
Lommen trekkjer seg unna. Foto: Kjetil Rydland.
Og der forsvann lommen, for så å dukka opp att ein heilt annan stad. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -