Spurvehauken er minst like bekymra som Eli Simonsen der han sit i garasjen og lengtar ut i fridommen.

I går hadde Eli Simonsen eit dramatisk møte med ein spurvehauk i garasjen sin på Landa.

Eli fortel til Fitjarposten at ho blei svært forskrekka då ho så den barske rovfuglen i garasjen sin i går ettermiddag. Skal me dømma etter bileta, var fuglen var minst like forskrekka som Eli.

Spurvehauken er ein relativt vanleg rovfugl her på våre kantar. Og Osternes-krinsen ser ut til å vera godt forsynt med denne vesle rovfuglen. For snart tre år sidan skreiv med om ein spurvehauk hos Paul Lillenes. Dette er den minste haukefuglen me har, han er noko mindre enn hønsehauken.

– Fuglen var omtrent på størrelse med ein måse, seier Eli Simonsen til Fitjarposten.

Ho var ikkje meir forskrekka enn at ho fekk sett sitt snitt til å knipsa eit par gode bilete, før ho sleppte fuglen ut or garasjen. Kven som blei mest letta då fuglen flaug, seier ikkje soga noko om.

Hauken ser nokså bekymra ut der han ser ut gjennom vindauga i garasjen til Eli Simomsen.