Spettmeisa er både vakker og akrobatisk, her på ei askestamme op Rydland. Foto: Kjetil Rydland.

I Noreg er det berre éin fugl som kan gå nedover ei trestamme med hovudet først, og det er spettmeisa, ein relativt vanleg spurvefugl.

Spettmeisa er kanskje ikkje så lett å leggja merke til, sjølv om ho er ein relativt vanleg fugl her hos oss. Ho held seg helst i lauv- og blandingsskog med innslag av eldre tre. Til dømes i Dalen i sørenden av Storavatnet hekkar det spettmeis kvart år.

Hann- og hofuglane er nesten heilt like, og er gråblå på oversida og kvite under, med ein svakt rustgul tone på brystet og magen. Gjennom auga går det ein svart strek. Nebbet er rett, rundt og omtrent like langt som hovudet. Spettmeisa kan bli 14–15 cm lang, og ein vaksen fugl kan vega opptil 23 gram.

Ikkje berre er spettmeisa den einaste fuglen i Noreg som kan gå nedover med hovudet først. Det er på fleire måtar ein spesiell fugl. Ho hentar ofte ei nøtt frå bakken og tek med seg opp i eit tre. Der legg ho nøtta i ei sprekk og går laus på ho med det kraftige nebbet sitt til nøtta går sund.

I desse dagar er spettmeisa i gang med å førebu hekkinga. Til reir bruker ho gjerne eit holt lauvtre, eller ein fuglekasse. Ho bruker eit par veker på å gjera reiret klart, og egglegginga skjer frå slutten av april til midten av mai. Hoa legg seks-åtte egg, som ho forsvarer bokstaveleg tala med nebb og klør. Ho kan jaga bort relativt store fuglar.

Ho rugar 15-18 dagar på egga, og ungane held seg i reiret vel tre veker. Rundt 65 prosent av ungane veks opp; svolt er ofte årsaka til at mange ikkje klarer seg. Spettmeis er ein utprega standfugl, som finst i det meste av Sør-Noreg, størsteparten av Europa og i eit belte austover gjennom Asia til Kina og Japan.

Songen til spettmeisa kan du høyra på nettstaden fuglelyder.net.

(Kjelder: Wikipedia og Store norske leksikon)