Silandhann i flukt. Foto: Kjetil Rydland.

Siland er ein flott andefugl som me i desse dagar kan nyta synet av i Havn. Arten er lett å kjenna att på at hannen har ein karakteristisk topp i bakhovudet. 

Silanda er noko mindre enn stokkanda og relativt vanleg i store delar av landet. Dette er ein slank andefugl med ein lang og tynn hals, og eit langt nebb med en liten «krok» ytst. Den slanke forma, den tynne halsen og det lange nebbet gir dei store fiskeendene – siland og laksand – ein karakteristisk hovudprofil som skil dei frå andre andefuglar.

Silandho i Havn med karakteristisk dusk i nakken. Foto: Kjetil Rydland.

Silendene lever av småfisk som dei fangar ved å dykka på grunt vatn. I motsetning til dei fleste dykkande andeartane bruker dei beina når dei sym under vatn. Dei kan ofte symja «manngard» for å jaga fiskestimar inn på grunt vatn. Småfisken sil (tobis) ei viktig næring for silanda, som elles har eit variert kosthald.

Silanda er svært tilpasningsdyktig, og hekkar både i saltvatn og ferskvatn og frå den ytre kystlinja opp til 1000 moh. I Fitjar kan me treffa på siland både på sjøen, på Botnavatnet og mindre vatn rundt om. Silanda legg reiret nær vatn, i tett vegetasjon. Ho legg mange egg, 8–10, eller heilt opp til 16, i mai–juni, og klekkinga tar vel ein månad. På seinsommaren er ungane flygedyktige.

Silanda har ei sirkumpolar utbreiing, og unngår berre dei mest ekstremt arktiske områda. Den norske hekkebestanden av siland er truleg mellom 10 000 og 30 000 par. Bestanden er stabil, og silanda er ein norsk ansvarsart, dvs. at Noreg har eit spesielt ansvar for å verna ho etter Bonn- og Bern-konvensjonane. Dette er fordi ho har ein viktig del av utbreiinga si her i landet.

(Kjelder: Wikipedia og Artsdatabanken)

Silender i flukt i Havn. Foto: Kjetil Rydland.

Silandhannen er lett å kjenna att på dusken på bakhovudet. Foto: Kjetil Rydland.