I ettermiddag gjekk denne musvåken på bakken på Rydland, før han kasta seg på vengjene. Foto: Kjetil Rydland.

På bakkane til Karl André Rydland har fugletittarar kunna nyta synet av musvåk dei siste to vekene.

Dei sjeldne fuglane er oftast å sjå om føremiddagen, fortel Nils K. Rydland, men i ettermiddag viste to flotte musvåkar seg fram for fotografen. Dei held seg ofte rett vest for Sigledabmen, i skifta mellom Årbakka og Nordstølen.

Til folk som ikkje er heilt gravkjende i området, kan me opplysa at det er nokre hundre meter før du kjem til vegkrysset på Rydland, heilt nord på den store bakken ved verkstaden til Ole Vidar Helland og Fitjar Racing Team.

Musvåk har eit vengjespenn på over ein meter. Foto: Kjetil Rydland.

Musvåken er ein stor, flott rovfugl, litt større enn ein hønsehauk. Han kan bli vel ein halv meter lang, og vengjespennet er over ein meter, cirka 109–136 cm. Hoa er litt større enn hannen, og vekta er frå ca. 500 til 1500 gram.

Musvåken lever av smågnagarar, slangar og frosk. Fuglen hekkar i heile Europa og Sentral-Asia, i Noreg på det sørlege Austlandet, og spreidd på Vestlandet og i Trøndelag. Musvåk er trekkfugl, og mange overvintrar i det sørlege Afrika, men ein sjeldan gong kan musvåk overvintra i kyststrøk i Sør-Noreg.

Me har ikkje sett musvåk på Fitjar før, men fuglefolk på Stord fortel at det ikkje er heilt uvanleg å sjå denne flotte fuglen på våre kantar. Det skal ha blitt sett ein god del musvåk på Karmøy også no i vinter. Fuglen er totalfreda.

Musvåk i flukt over Nordstølen. Foto: Kjetil Rydland.