Kvinender i flukt, hannen er lett å kjenna att på den kvite prikken på kinnet. Foto: Kjetil Rydland.

Kvinanda er delvis trekkfugl, men mange overvintrar langs norskekysten, og i desse dagar kan me treffa på fleire eksemplar av arten i Havn.

Utanfor båthamna har det sumt fleire par kvinender i det siste. Og både i nord- og sørenden av Storavatnet har det vore kvinender å sjå i vinter.

Kvinandhann i Havn denne veka, den gullgule fargen på auga gir opphav til det engelske namnet på arten; «goldeneye». Foto: Kjetil Rydland.

Det norske namnet på denne andefuglen kjem av den karakteristiske lyden av vengjene til hannen, som kvin under flukt. På engelsk blir denne anda kalla for goldeneye – «gullauge» – på grunn av den spesielle gullgule fargen på augo.

Kvinanda er noko mindre enn ei stokkand, om lag på størrelse med ei kråke, og veg frå 650 til 1200 gram. Ho har eit påfallende stort «trekanta» hovud. Kroppen er kompakt og verkar klumpete. Hannen er svartgrøn i hovudfargen og har ein karakteristisk kvit kinnflekk på kvar side av nebbrota. Hoa er mer brunsvart og flekkene på kinnet er ikkje så klåre.

Kvinanda hekkar på plassar som ligg opp mot 3 kilometer fra vatn. Ho plasserer som regel reiret i et trehol, ofte i et gammalt svartspettreir. Ellers hekkar ho ofte i holkar som er hengt opp spesielt for kvinand. Enkelte stader har kvinanda blitt vanlegare etter at ein har hengt opp slike holkar, noko som tyder på at mangel på eigna hekkeplassar kan ha avgrensa utbreiinga av denne andefuglen.

Kvinanda er utbreidd i nordlege delar av Europa, Asia og Nord-Amerika. Ho hekkar i det meste av Noreg, sørpå mest i høgare strøk og sjelden på Vestlandet. Truleg trekkjer delar av den norske bestanden ut av landet til områda rundt Nordsjøen om vinteren, og mange kvinender overvintrar i havområda rundt Danmark.

(Kjelder: Wikipedia og Store norske leksikon)

Kvinendene spring på vassflata før dei kjem seg på vengjene. Foto: Kjetil Rydland.
Kvinandhannar landar på Storavatnet. Foto: Kjetil Rydland.