Her har kattugla pressa seg ned i eit lite hol i hytteveggen, der ho ligg på egga sine. Foto: Privat.

Kattugla er den vanlegaste av uglene, og no er ho i full gang med hekkinga. Ein plass i tjukkaste skogen kom ein av lesarane over ei kattugle på reir for eit par dagar sidan.

Denne kattugla hadde funne seg eit hol i veggen på ei falleferdig hytte langt inne i skogen. Nærmare bestemt kor, får vera ein løyndom ugla deler med lesaren vår.

Arten (Strix aluco) byggjer ikkje reir sjølv, men legg egga sine i reir som til dømes skjor eller kråke har bygt. Kattuglene nyttar også hole tre eller fuglekassar som er tilpassa spesielt for dei. Dette reiret på hytteveggen verka ikkje særleg komfortabelt, men ser ut til å gjera nytta.

Ugla kan gjera skade på menneske når ho forsvarer reiret, men denne flaksa berre bort i buskane då det kom uanmeldt besøk.

I eit hol eit par meter oppå veggen, har kattugla tre egg. Foto: Privat.

I Europa er kattugla den mest vanlegaste av alle uglene, og er elles utbreidd langs middelhavskysten i det nordvestlege Afrika, i vestlege delar av Asia, og heilt aust tii Kina og Korea. Bestanden av kattugler er på fleire hundre tusen hekkande par, men varierer etter tilgangen på mat.

Kattugla er ein rovfugl, som helst et fuglar og smågnagarar. Ho kan også eta ormar, froskar, insekt, og av og til fisk. Kattugla jaktar helst om natta; ho sit stilt på ei grein og ventar på byttedyr. Ho flyr lydlaust, for vengjene er svært mjuke og bøyelege. Om dagen sit kattugla gjerne i skjul høgt oppe i eit tre. Ho ser best av uglene, og under lyssvake forhold ser ho mange gonger betre enn mennesket.

Me høyrer kattugla oftare enn me ser ho, og oftest om natten. Ho er mest vanleg i kulturlandskapet i låglandet, gjerne i nærleiken av folk. Ho hekkar gjerne i større hagar, parkar og allear med store tre, og er ofte å høyra i byggjefelt i sentrale strok både på Fitjar og Stord.

Om du lurer på om det er kattugle du har høyrt, kan du høyra kattugle på nettstaden fuglelyder.net.

(Kjelder: Wikipedia og Store norske leksikon)