I toppen av ei gran på Eggjane sat denne bokfinkhannen og song så fint hin kvelden. Foto: Kjetil Rydland.

Bokfink er ein av dei vanlegaste fugleartane i Noreg, og i desse dagar syng han så fint i tretoppane.

Norsk Ornitologisk Forening reknar bestanden til mellom to og fire millioner par. Han hekkar i skogar og parkar over det meste av landet nord til Troms, og i enkelte strøk av Finnmark. Bokfinken hekkar også i alle andre land i Europa, i Nord-Afrika, i Litleasia og Iran, og i vest-Sibir.

Hovudnæringa til bokfinken er frø, frukter og knopper, og her har han gått laus på ei furukongle. Foto: Kjetil Rydland.

Bokfinken er cirka 15 centimeter lang. Hannen har gråblå hette og nakke, kastanjebrun rygg og raudbrun underside, medan hoa og ungfuglen er meir einsfarga gråbrune. Vengjene hos begge kjønn er nesten svarte, med to markerte, kvite band.

I desse dagar er bokfinken lett å få auga på, spesielt hannen, som har ein kraftig og lett gjenkjenneleg song. Han kan kanskje ikkje måla seg med måltrast og svarttrast, men han er absolutt ein flink songar, som er kjekk å høyra på. Bokfinken er også kjend for å syngja på dialekt!

I september–oktober reiser dei fleste bokfinkane våre sør- eller vestover, og overvintrar anten i Vest-Europa eller på dei britiske øyane. Dei kjem tilbake til hekkeområda sine i mars–april, og hannane kjem gjerne først. Ein del hannar overvintrar langs kysten av Sør-Noreg eller nordover til Nordland.

Bokfinken hekkar på same staden kvart år, og begynner egglegginga i slutten av april. Av og til legg dei eit nytt kull i juni–juli, og avkommet hekkar sjølv neste sesong. Ein bokfink kan bli minst 14 år gammal.

Om sommaren lever bokfinken helst av insekt, og om vinteren av ymse frø og knoppar. Den vakre songen til bokfinken kan du høyra på nettstaden fugleyder.net.

(Kjelder: Wikipedia, Store norske leksikon, Aschehougs fuglebok)

Arkivfoto: Kjetil Rydland.