Hann- og hofuglen har svært ulik i fjørdrakt, hoa er brun og hannen er for det meste kvit og svart, med litt grønt og rosa. Foto: Kjetil Rydland.

Ærfugl er ein stor, flott fugl som i desse dagar hekkar i Fitjar, blant anna utanfor Sandvikvåg og i Rossneset.

Ærfugl (somateria mollissima) er ei stor fiskand i andefamilien, og høyrer til dei kystbundne, dykkande sjøfuglane. Arten er ikkje så sjeldan hos oss, men er meir vanleg nordpå. Der har ærfuglen ofte blitt rekna som «husfugl». I 2018 blei fuglen utpeikt til fylkesfugl i Nordland.

Fuglane kan vega opp mot 3 kg, og ser tunge og klossete ut på land. Men dei er dyktige symjarar som ofte dykkar ned til to til fire meter, og i sjeldne tilfelle ned til 15-20 meter.

Ærfuglbestanden har gått ned

Rundt halvparten av dei 90 000 ærfuglpara i Noreg hekkar nord for polarsirkelen. Hekkebestanden i Noreg har gått tilbake, noko som kan skuldast oljesøl eller angrep frå predatorar som mink, raudrev, oter, kråke og måse i rugetida.

 

Ulike fjørdrakter

Fjørdrakta til dei to kjønna er svært ulik. I praktdrakt er hannen kvit på brystet og ryggen, medan buken, kroppssidene, bakpartiet og issen er svarte. På sidene av nakken er han grøn. Frå juni til september skiftar hannen fjørdrakt, og blir då meir lik hoa, som har ei heilårig til brunaktig, kamuflerende fjørdrakt med svarte tverrband. Ungfuglen liknar hoa i fjørdrakt.

Denne kjønnsskilnaden blir kalla kjønnsdimorfisme.

Edderdun

Dunet til ærfuglen er ettertrakta som fyll i dyner. Dunet har ikkje stilk, men mothakar som hektar seg i kvarandre, slik at dei danna ein mjuk, samanhengande dott. Dunsanking har vore ein viktig næringsveg langs kysten, og samspelet mellom fugl og menneske har vore til felles nytte. Menneska vernar fuglen mot rovdyr, og hentar dunet etter at fuglane forlèt reira.

- Annonse -

På Island er ærfuglørøkt industrialisert; tusenvis av fuglar blir gjerda inn mot rovdyr, og dunet blir reinsa med maskin.

Ærfugl kan vera eit av dei eldste husdyra i Noreg. Funn frå steinalderen viser spor etter ærfugl, og i vikingtida var både egg og dun handelsvare.

(Kjelde: Wikipedia)

Har du høyrt denne lyden i Rossneset, er det nok ærfugl du har høyrt.

Ærfuglar i Fitjar sentrum. Foto: Kjetil Rydland.
Herr og fru Ærfugl på tur. Foto: Kjetil Rydland.