Annar Westerheim kvir seg ikkje for å bora i granitt for å få vegen slik han vil ha han. Foto: Kjetil Rydland.

Ein gjeng tilårskomne dåfjordingar med eldsjel Annar Westerheim i spissen er i desse dagar i ferd med å rusta opp stien frå Skaravågen oppover mot Svartasmoget.

For tre-fire år sidan merkte dei driftige naturelskarane frå den sørlegaste krinsen i Fitjar ei kjekk rundløype forbi Selevik skule, Westerheim, Skaravågen, Svartasmoget og Dulbakkereset tilbake til parkeringsplassen eit par hundre meter før du kjem til skulen.

F.v. Annar Westerheim, Egil Espeland, Onar Westerheim, Harald Westerheim, Stein Braathen, Svein Sætre og Toralv Røen tek seg ein sjeldan pause i arbeidet. Foto: Kjetil Rydland.

Løypa går dels på asfalt, grus og god skogsveg, men eit lite stykke gjennom marka har vore utan opparbeidd sti. Dette er ein trasé på 5-600 meter frå Skaravågen og opp til du når skogsvegen som går forbi Svartasmoget. No er denne strekninga i ferd med å bli kraftig oppgradert, under leiing av eldsjel Annar Westerheim.

Med duk under og pukk frå K. Volden blir stien fin! Foto: Kjetil Rydland.

Han fortel at han sat på Café Annemor for rundt tre år sidan då det brått gjekk opp for han at søknadsfristen for å søkja fylkeskommunale midlar var i ferd med å gå ut. Han skreiv søknaden på ein serviett og sprang opp på rådhuset og fekk levert han til kultursjef Bente Bjelland. Søknaden måtte fornyast i januar 2017, og i juni same året fekk Dåfjorden Vel tilsagn på 111 000 fylkeskommunale midlar til turstien. I tillegg fekk dei 25 000 kroner frå Sparebanken Vest rett før dei la ned på Fitjar.

No er dei driftige vegbyggjarane snart ferdige med den omtalte traseen opp frå Skaravågen. Dei har fått frakta 20 tonn singel og stein med helikopter frå Vekslio; jobben var gjort på rundt 50 minutt! fortel Annar Westerheim. Den første delen av stien, langs Skaravågen, fekk dei Bjørn Westerheim til å laga med gravemaskin. Men på dei 500 resterande metrane er det rå muskelkraft som gjeld.

Den første utfordringa var bekken som kjem ned frå Krokvatnet; den er av og til ganske stor. Her har det vore ei steinbru, men det er mange år sidan. Forslaget om aluminiumsbru blei ganske  kontant nedstemt, og dei bestemte seg for ei steinbru, av steinar som kan ha vore bru over bekken. Resultatet er blitt ganske flott, og det er heilt uforståeleg for ein amatør korleis dei kan ha greidd dette med handamakt.

Litt lenger framme er eit glatt berg blitt omgjort til ei flott steintrapp i reine sherpastilen. Her har Annar og Harald Westerheim talja på plass store steinblokker frå ura nedanfor. Og enkelte granittblokker har Annar meisla laus frå berget. Han har bora ei rekkje 2 mm hol og slått i stålkilar til berget sprakk. Ein imponerande jobb!

I går song «Arbeidslaget hans Annar Westerheim» av hjartans lyst medan dei la på duk, grov singel og sand på dei øvste 200 metrane av traseen. Annar fortel at dei nærmar seg 800 dugnadstimar på prosjektet, og me kan slå fast at arbeidet har gitt resultat. Me tek av oss hatten for heidersmenn som nok ein gong har levert ein innsats utanom det vanlege.

- Annonse -

Du kan lesa meir om denne turløypa i artikkelen Tur på slutten av vinterferien? på Fitjarposten i mars 2017.