MS

På Utval for plan og miljø sitt møte sist tysdag kom det opp eit spørsmål under ymse. Spørsmålet var om korleis  politikarane stiller seg til ein evt. søknad frå Dåfjorden slipp om forlenging av kaiplass.

Det var eigar av Dåfjorden slipp, Steinar Andersen som hadde teke kontakt med den politiske leiinga i kommunen. Leier for plan og miljø, Rune Sandvik la fram spørsmålet.

Grunnen til at eigaren tok kontakt var ei førespurnad frå Riksantikvaren. Det gjeld eit verneverdig skip med namnet ”Hamen”. Dette skipet treng å verta bevart etter Riksantivaren si meining og han har sett av ein del midlar til arbeidet. Dåfjorden slipp er ein av dei få plassane dette arbeidet kan utførast. Slippen er den einaste verkstaden i Hordaland som i dag driv med reparasjon av båtar som er klinka. Det er berre att nokre få stader elles i Noreg ein no har utstyr til dette og kan denne teknikken. Verftet har i dag brei kompetanse når det gjeld rehabilitering av gamle båtar.
Spørsmålet til politikarane om korleis dei stiller seg til ei søknad om forlenging av kaiplass skuldast at ”Hamen” er 76 m lang. Slippen har i dag ikkje nok kaiplass til plassering av båten, men ved å forlengje eksisterande kai kan dette løysast. Politikarane i utvalet var positive til førespurnaden og vil ta søknaden opp som sak på vanleg måte på eit seinare møte.

Eigaren av slippen, Steinar Andersen fortel at det er stor aktivitet ved verksemda. Det er for tida 6 tilsette og kanskje er det utsikt for å tilsetje endå eit par mann. På den eine slippen ligg eit kjent skip, ”Midthordland” som er til reperasjon ( bygd ved Stord Verft). Det var i første omgong tale om utbetring av eit par plater, men det viste seg at reperasjonen vart meir omfattande.
Ved eine kaien ligg ”Stavenes”. I dette skipet skal ein setja inn ”ny” dampmaskin. Inne i den forholdsvis nye hallen på området, held ein på med ny skorstein og styrhus til same båten. Ved kaien som er tenkt forlenga ligg ”Granvin”, også den ein kjenning i Sunnhordland.
Vidare kan Andersen fortelja at han torsdag hadde samtaler med representantar frå Fartøyvernsenteret i Norheimsund. Dei var interessert i eit samarbeid der Dåfjorden slipp tok seg av metallarbeid og folk frå Fartøyvernsenteret gjorde trearbeid.
– Det kunne vera interessant å få til eit levande museum ved slippen i Dåfjorden avslutter Steinar Andersen og går vidare til folka som no held på med endå et prosjekt: setja i stand slipp nummer to på området.

MS «Granvin». Foto: Ole Haukeland