Dette seier AFS-studenten André Luiz Teixeira Trauassos, som skal bu i Dåfjorden og gå på Stord vidaregåande dette skuleåret.

Han kjem heilt frå Brasil, og kom til Dåfjorden 18. august, to dagar etter at han sette sine bein på norsk jord for første gong. Saman med andre AFS-studentar fekk han ei første innføring i norsk språk og norske samfunnsforhold før han reiste vidare til familien som han skal bu hos fram til 28. juni neste år.

I huset til Mariann Stokken og Hans Jarle Lønning har dei hatt åtte studentar før på liknande opphald, så dette vil nok heilt sikkert gå bra. André fortel at han har funne seg godt til rette i Dåfjorden, og at dette er ein ideell stad for han å bu. Det ser ut til å overraska venene hans i Brasil, som har vanskeleg for å forstå korleis han kan trivast så langt ute i ingenmannsland. Det synest visst AFS også, for dei lar han reisa gratis med buss og ferjer i Hordaland, tydelegvis fordi dei synest synd på han!

André liker å reisa, men han har meir enn nok å ta seg til i nærområdet sitt. Han liker å gå tur i naturen, fjellklatring, padla kajakk og sykla. Alt dette er det både naturtilhøve og miljø for i området der han bur. Hans Jarle og Mariann har kjøpt ny sykkel, som han disponerer i Dåfjorden, og noko av det første han gjorde etter at han kom, var å sykla Rallarvegen saman med familien. André er ein ivrig fotograf, og når han går i fjellet, ser han mange spanande motiv, som han fangar inn med Canon-kameraet sitt.

Han har alt meldt seg inn i Stord klatreklubb, for han er van med fjellklatring frå Brasil. Når me spør om fotball, får me eit litt overraskande svar: Han er ikkje fanatisk oppteken av fotball, som me trudde om alle brasilianarar. Derimot er han interessert i amerikansk fotball. I så måte er han absolutt komen til feil stad, og feil land.

Men bortsett frå dette er André absolutt komen til rett stad, meiner han. Han er van med mykje natur frå heimlandet sitt, der han har vore på krevjande turar inne i jungelen som gutespeidar. Som førstehjelpar i speidartroppen sin har han erfaring med giftige slangar og edderkoppar, og korleis slikt skal behandlast. Han fortel at han ser mykje spanande i den norske naturen, sjølv om det ikkje er så mange farar som lurer her. Heldigvis har han allereie fått vita at det farlegaste dyret hos oss er flått, og korleis han skal passa seg for den.

Når André er ferdig på Stord vidaregåande skule og får vitnemålet sitt til våren, er han klar til å komma inn på universitetet, før han fyller 18 år. Førebels er det internasjonale relasjonar som opptar han mest, men om dette blir framtida hans, veit han ikkje enno. Han veit heller ikkje om det blir i Brasil eller i utlandet. Nett no seier han at han har det bra her, men at han saknar brørne sine på 14 og 25 år.

Alt dette og mykje meir fortel André på flytande engelsk, utan brasiliansk aksent. Han har lært engelsk heilt frå han var 5 år både på skulen og hos nære venner av familien, folk med europeisk og nordamerikansk opphav. Han har budd i den tidlegare tyske kolonien Domingos Martins, ein by med 30 000 innbyggjarar. For tre år sidan flytta han til ein bydel i storbykomplekset Vitoria, 600 km nord for hovudstaden Río de Janeiro.

Som brasilianarar flest forstår han ein god del spansk, men er ikkje så flink å snakka det. No ser han fram til å læra seg norsk, og er allereie godt i gang. Kanskje blir det og andre framandspråk med tida. Med slike sosiale og språklege evner, bør han ha føresetnad for å klara seg bra både i Noreg og andre «eksotiske» land. Me ser fram til i skriva meir om samtalen vår i den neste papirutgåva av Fitjarposten, som kjem ut i byrjinga av oktober.