Heile Dåfjordbygda var søndag samla i Dåfjord bedehus for å  feira at det no er 40 år sidan det huset bygd.

Klokka halv fira starta festen med takketalar og orgelspel av Harald Rydland. Dei rundt 60 oppmøtte naut den fine klangen i det 40 år gamle bygningen.

Helga Auestad opna med ein liten tale om bedehustenesta og om at Gunn Kari Auestad nå tar over stafettpinnen med lørdagstreffet etter Helga. Etter talen fekk me høyre Hans Kobberstad på fele og Harald Rydland på piano som spelte nokre vakre strofer.

Bedehuset hadde ein lang historie før det blei bedehus i 1972. Det kunne for eksempel ha blitt ein butikk men det vart det altså ikkje noko av, noko eg trur nesten alle er nøgde med.

Den yngre generasjonen stilte opp med songar, og sjølv om stemninga blant dei yngste var litt smånervøs, gjekk det bra.
Fleire av dei som levde då bedehuset blei bygd fortalte om opplevingar frå 70-tallet og korleis alt starta. Det virka også som om heila bygda hadde laga bakverk. Det var òg bestilt inn ei kake med eit fint bilete av bedehuset på toppen.

Både små og store fekk høve til å få ansiktsmaling. Dette var spesielt populært blant ungane, gutane blei superheltar og skurkar mens jentene ville vere søte dyr. Samstundes spelte og song Sigrund og Marita Westerheim svært vakkert og laga ei vár og fin stemning.

Hendinga blei avslutta med at Leiv Stokken viste bilete frå bedehusets første dagar, og til slutt var det blomeutdeling til dei som har halde oppe bedehustenesta i Dåfjorden.