Det er nesten utruleg når alle barnehagebarna møtest til gudsteneste, og det var godt frammøte frå alle dei fem barnehagane rundt om i bygda.

Tre barn frå Fitjarstølane tente tre adventsljos mens alle deltok i songen, og det vart eit vakkert kor av over hundre barn og ein del vaksne.

Barna frå Bakken barnehage framførde eit julespel som viser kva som hende då Jesus vart fødd. Dei begynte med songen om Josef og Maria som gjekk til Betlehem, og to barn sat der som mor og far til det vesle Jesusbarnet. Eit stort englekor var på plass og  gjetarane og dei tre vismennene.

Kyrkjelydspedagog Birgitte Drønen Brenne fortalde  juleevangeliet på ein enkel måte. Det vart ein god repetisjon av innhaldet i julespelet. Det store barnehagekoret, ei blanding av barn frå dei barnehagane som ikkje hadde delteke tidlegare, kunne både tekst og melodi då dei framførte Eit barn er født i Betlehem og Eg er så glad kvar julekveld.

Alle i kyrkja var med i avslutningssongen O, jul med din glede og barnlige lyst. Det er imponerande at barn under skulealder har greidd å øve inn eit så fint program som vart vist fram onsdag føremiddag. Barnehagane kom ikkje tomhendte til kyrkja. På veggene vart det hengt opp englar og stjerner i fleire utgåver, og desse skal henge i kyrkja heile julehelga, sa sokneprset Olav Oma. Han leia gudstenesta og gledde seg over det gode frammøtet, både av born og vaksne.

I benkene sat stolte foreldre og besteforeldre som likte å sjå og høyra det som vart framført. Dei sette og pris på å få vere med i felles song, blant anna Lucia-songen som det heile starta med.

Olav Oma fortel også om godt frammøte då det var gudsteneste for barneskulane og for ungdomsskulen denne veka. Sistnemnde framførte eit julespel med tittel På leit etter juleskatten. Elles var det song og opptrinn med blant anna ljostenning i begge gudstenestene.

Ingressbilete: Linnea og Ola spela Maria og Josef. Foto Turid Sandvik.