Det svarer Solveig og Lauritz Westerheim som feira krondiamantbryllaup i helga. Det tyder at dei har vore ektefolk i heile 65 år.

-Me kom saman under krigen. Nokre andre ungdomar og eg, laga til ein fest her ute i Dåfjorden, og folk kom roande både frå Stord og Bømlo. Og ei av dei som kom frå Bømlo var Solveig, som då heitte Gjøsæther til etternamn, smiler Lauriitz og blunkar til Solveig før han fortset:

-Mykje ungdom var det på festen, men for Solveig og meg blei dette meir enn eit flyktig treff. Allereie under festen sørgde me for å koma oss litt for oss sjølve, og tok oss ein rotur på eigenhand. Det første til at det etterpå blei mange turar til Bømlo for meg, seier Lauritz som trossa mest all slags ver for å få eit glimt av kjærasten sin. For dei var ikkje mykje inne når han kom på besøk. Dette skulle ikkje slekta vita noko om, ikkje endå…

Etter to år gifte dei seg, og 12 born har dei fått. Av dei lever 11 framleis. -Men eldstemann døydde 2 1/2 år gamal, og me veit enno ikkje kva for sjukdom han døydde av. Det var ei tøff tid, minnest Solveig.

Men i helga var det jubel.
Då var heile familien samla til storfeiring.