Veteranbåten D/S "Oster" er gått på grunn i Fitjarøyane, har slagside og tek inn vatn. Situasjonen er likevel ikkje dramatisk. -Me lensar no, fortel Hovedredningssentralen til bt.no.
Fem kvinner som var om bord, vart frakta inn til Fitjar Fjordhotell av ein lettbåt som tilfeldigvis kom forbi, men dei ønskjer ikkje å uttala seg til fitjarposten på noverande tidspunkt.
I alt var det, i følgje Hovedredningssentralen, 16 personar om bord då båten grunnstøtte, like før klokka 17.00 i ettermiddag. Frå Hovedredningssentralen heiter det vidare at dei har god tru på at dei vil klare å berge båten.
D/S "Oster" var på veg mot Kristiansand der skuta blei bygt i 1908. Der var planen at D/S "Oster" skulle treffe D/S "Børøysund", og saman skulle dei seile tilbake til Bergen. Så skulle begge skipa feire hundreårsdagen sin på Vågen laurdag 28. juni, melder bt.no
Fitjarposten vil følgje saka.
Les meir om D/S Oster på www.oster.no