I skrivande stund er crosskartførarane Ingve André Strand og sonen Anders på veg til Sverige og årets første løp.

I ettermiddag la dei ut på den 65 mil lange turen til Høljes i Sverige, der den første SM-runden i crosskart går av stabelen på laurdag. Både far og son Strand stiller godt førebudde til årets sesong. Anders stiller i flunkande ny kart, og faren sin eigen kart skal vera i topp stand, slik at han også i år reknar med å kjempa i toppen.

Dei to Fitjar-førarane har ingen planar om å hevda seg samanlagt i SM, svensk meisterskap. Men dei kjører til Sverige for å få ei skikkeleg gjennomkjøring før første NM-runden. Og dette er beste måten å sjå kor du står, for dette er eit storløp der dei aller fleste og beste crosskartførarane i Skandinavia stiller opp. I sesongstarten i Sverige stiller rundt 40 førarar på startstreken i den største klassen, og nærmare 30 i 125 ccm, der Anders stiller.

Dermed vil dei få ein god peikepinn på kor dei ligg an i forhold til dei andre. Allereie helga etter startar alvoret her i Noreg, med første NM-runden på Lyngåsbanen. Allereie helga deretter er det NM-runde nummer 2 i Solør; det løpet er 1. runde i NEZ-cupen, North European Championship. Ingve satsar både på NM og NEZ-cupen i år, og håper å komma betre i gang enn i fjor, slik at han han kjempa i toppen frå første sving.

Denne helga har Ingve mest tru på sonen sin, Anders. Dei har vore i Vikedal på trening, og alt såg bra ut for junior sin del. Den nye karten gjekk som på skinner, og Ingve er optimist på sonen sine vegner. Det same seier teamleiar og pressetalsmann Sigurd André Maraas. – Alt ligg til rette for Anders no, seier han, no når han har fått skikkeleg «versting-utstyr» og i tillegg har ein «versting-pappa»!

Laurdag skal dei altså måla krefter med dei beste svenskane. Dei som vil følgja med og sjå korleis det går, kan sjå det direkte på TV ved å følgja denne linken: