Inve André Strand og sonen Anders har oppgradert crosskartane sine og har så smått kome i gang med konkurransesesongen.

Fredag ettermiddag reiste begge austover til Gjøvik og Krabyskogen for å delta i den første NM-runden i crosskart, så no startar alvoret. Men begge har begynt løpssesongen allereie. Helga som var reiste dei til Eiker og deltok i vårløpet på Hakavika-banen. Ingve har vore der mange gonger før; vårløpet er ei grei gjennomkjøringfør alvoret startar.

Anders gjekk like godt heilt til topps i klassen 125 ccm, etter flott kjøring. Far Ingve André kvalifiserte seg òg til finalen, der han kunne ha starta i 3. spor. Men han valde å stå over finalen, for han ville ikkje risikera skadar på bilen nokre dagar før første runde i NM. Dette er hovudfokuset for Ingve denne sesongen. løpet på banen i Krabyskogen ved Gjøvik i morgon er den første av fem rundar i NM.

Ingve håpar å kjempa om sigeren i NM samanlagt. Han er optimist, men vil ikkje ta noko for gitt. Han minner om at det gjeld å ta eitt løp om gongen – dette er ikkje berre ord, seier Ingve. – Om du begynner å rekna plasseringar og poeng under løpet, misser du fokus på det det einaste som gjeld der og då, nemleg kjøringa.

Ingve ser ingen grunn til at han ikkje skal hevda seg i NM i år. Formen er god etter mykje fysisk aktivitet i vinter. Og han har lagt ned mykje tid og ressursar på å gjera karten så god som mogeleg til sesongen. Blant anna er støtdemparane og begge motorane oppgraderte. Også karten til Anders er rusta opp før sesongen. Det er meininga at junior skal vera med på alle løpa som faren er med i.

Både far og son skal vera betre rusta enn i fjor. Men konkurransen til helga blir hard – det er viktig å ha dagen, avsluttar ein optimistisk Ingve André Strand.

Oversikt over løpssesongen i crosskaret finn du her: