Starten går i A-finalen, og Ingve André Strand i pole position heng litt etter Bjørn Cato Aarekol (699) og Mats S. Lislevand (652). Foto: Kjetil Rydland.

Den andre NM-runden i crosskart gjekk av stabelen i Vikedal første pinsedag, og heimefavoritten Bjørn Cato Aarekol gjekk til topps i rein oppvisningsstilm, medan Ingve André hamna utanfor sigerspallen.

Etter duellen i Vikedal for eit par veker sidan kunne det sjå ut som om Ingve André Strand sitt hegemoni som den beste crosskartføraren på Vestlandet var over. Då måtte han nemleg bita i den sure grusen for ungdommen Bjørn Cato Aarekol.

Ungdommen Bjørn Cato Aarekol viste suveren køyring frå start til mål på heimebane i dag. Foto: Kjetil Rydland.

Duellen mellom veteranen Strand og ungsauen Aarekol var såleis eitt av dei store spenningsmomenta føre NM-runden i Vikedal første pinstidag. Eit anna spørsmå var om debutanten Oliver André Matre – i karten til Ingve – kunne hevda seg blant dei beste i landet, sjølv med minimalt med trening.

Allereie i det første kvalifiseringsheatet i dag begynte me å få svar på spørsmåla. Bjørn Cato Aarekol vann føre Ingve Andre Strand, medan Oliver hamna eit stykke bak. Debutanten sleit litt meir med å halda stø kurs på det uvant korte køyretøyet, som han knapt har trent med, og kom på femteplass. Men ingen smilte breiare enn Oliver etter første heatet:

– Dette er gøy, smilte han i depotet etter elddåpen i skittspruten på Vikedal Motorbane.

Oliver André Matre tørkar søle av munen og konstarerer at det var gøy, sjølv om han ikkje greidde å hamla opp med dei beste i debuten sin. Foto: Kjetil Rydland.

I andre heatet leia Ingve André Strand frå start til mål. Men akkurat på målstreken såg det veldig stygt ut. Ingve venta heilt til siste runden med alternativsporet, og det kunne sjå ut som om den gamle kjenningen Pål Rye Smørsteen kom frå indre bane og snytte Ingve for sigeren. Heldigvis for vår mann viste målfoto at Ingve var først, der han kom på tvers gjennom sølepyttane ut frå alternativsporet.

I sitt andre heat møttest Aarekol og Matre igjen, og det blei ingen stor suksess for nokon av dei. Igjen sleit Oliver med å halda stø kurs, og enda på fjerdeplass. Aarekol snurra og enda heilt sist i heatet.

I det tredje og siste kvalifiseringsheatet kom Ingve André litt dårleg ut frå start, og hamna bak i søla med fleire bilar føre seg. Marius Sommerstad tok starten, og Ingve kom aldri heilt a jour. Men med ein klar andreplass sikra han seg eit godt utgangspunkt i A-finalen.

Ingve (697) sikrar seg ørsteplassen i heat nr. 2. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

Dit kvalifiserte og Bjørn Cato Aarerkol seg etter ein suveren siger i tredje heat, før den gamle kjenningen Pål Rye Smørsteen. Igjen var Oliver A. Matre eit stykke bak, men ikkje lenger enn at han fekk starta i A-finalen.

Her starta Ingve André Strand i pole position, men allereie då startskotet gjekk, såg me at han kunne få det vanskeleg. Ingve hang ørlite etter Bjørn Cato Aarekol, som tok starten, og Mats Samuelsen Lislevand. Avstanden auka utover startsida, og Ingve greidde aldri å nå att desse to.

Ungdommen frå Vikedal heldt fram i oppvisningsstil og var aldri truga, før han raste over mål til sin første siger ein NM-runde. Mats Samuelsen Lislevand fekk ein klar andreplass, medan Marius Sommerstad tok tredjeplassen, føre vår mann, Ingve André Strand.

– Ja det var ein dårlig start, litt mangel på konsentrasjon eit lite sekund, vedgår Ingve André Strand når me ber om kommentar til starten i A-finalen.

Ingve legg til at det gjerne blir meir utover startstrekka når du har bomma på starten, og i tillegg er det ekstremt vanskeleg å liggja i skittspruten bak dei fremste.

Men Ingve har på ingen måte gitt seg, sjølv om Bjørn Cato Aarekol ser ut til å ha overteke som den beste crosskartføraren på Vestlandet:

– Det kjem nye tak, så me ska nok får muligheten til revansj! seier Ingve optimistisk.

Men veteranen frå Fitjar legg til at ungdommen frå Vikedal fortener sieren:

– Finare gut skal du leita lenge etter, så eg bøyer meg i støvet for han i dag!