Ingve André Strand i teten under B-finalen på Hamar i helga. Foto: Privat.

Ingve André Strand køyrde sin første A-finale i crosskart på fleire år under NM-runden på Hamar sist helg, og kom inn på ein sterk femteplass.

Ingve har lurt under radaren vår dei siste åra medan Strand Motorsport har satsa mest på sonen, Anders Halleråker Strand. Men etter det me forstår på teamet, vil dei satsa like mykje både på far og son Strand frå no av og fram mot neste sesong.

I den steikjande sommarvarmen på Hamar sist helg greidde begge å kvalifisera seg til B-finalen på ein bane som er ny i NM-samanheng. Etter litt knuffing i tredje heat kunne ikkje junior, Anders Halleråker Strand, stilla til start i B-finalen, medan faren til gjengjeld stilte opp med brask og bram.

Ingve såg seg knapt tilbake, og vann B-finalen i suveren stil etter å ha «rydda vekk alle konkurrentane». Dermed blei det åttande spor i A-finalen. Her hadde han ein god start, og var raskt oppe på fjerdeplass. Til slutt blei det femteplass, ei plassering Ingve kan vera fornøgd med etter eit par år med litt mindre satsing.

Anders valde å ikkje starta i B-finalen på grunn av dei tekniske vanskane, og enda dermed på 15.-plass i NM-runden på Hamar. Han hadde mykje tull både med styring og støytdemparar, så han må nok ha fleire timar i garasjen før det kjem seg, meiner faren.

Ingve stadfestar overfor Fitjarposten at han er svært godt fornøgd med innsatsen på Hamar, sjølv om han var plaga av ein god del «rattrust» i byrjinga.

– På treninga og i dei to første omgangene var det «på hogg og belegg» med køyringa. Eg var over alt på banen, men etter det så kom det seg betraktelig, seier Ingve.

Han reknar med at både han og sonen stiller i NM-rundane i Bø og Skien i haust, og kanskje blir det ein tur til Sverige. Men verken Ingve André eller Anders satsar på samandraget i NM i år. – Nei, det er for seint, vedgår Ingve, me kjørte ikkje løpet i Trøndelag på grunn av problem med den eine karten, så då er sammenlagt ute. Me satsar på gode enkeltresultat, og å få ting opp på eit høgt nivå til neste år.

– Det er til neste år eg skal gjera det store! seier Ingve André, som blei norsk meister i crosskart i 2014.

Det er tydeleg at det er ei oppleving som gav meirsmak. No vil han bruka resten av årets sesong på testing og oppkøyring til neste sesong. Men han skal få det tøft om han skal gjenta bedrifta frå 2014. Sonen Anders satsar nemleg akkurat like mykje, og det kan bryggja opp til ein skikkeleg familieduell til neste år!