Ingve André Strand og sonen Anders har i dag kjørt crosscart-NM på banen til NMK Gjøvik i Krabyskogen. Andres Halleråker Strand debuterte laurdag i sin crosskart, medan Ingve André Strand starta i NM 650 ccm. Løpet gjekk på Krabyskogen, som er heimebanen til NMK Gjøvik, og blir eigd av NAF. Ingve André Strand kjørte inn til to andreplassar og ein tredjeplass i innleiande rundar. Dette resulterte i sjette startspor i A-finalen. Der var han raskt ute, men etter ein del stong ut så klarte han berre femteplass i dagens løp. 

Anders Halleråker Strand fekk problem med sin kart, så han fikk berre kjørt nokon omgangar. Men han fekk verdfull kjøretrening i sitt første crosskartløp.

Sigurd André Maraas i Fitjar Racing Team fortel at teamet var meir fornøgd med plasseringa enn sjåføren sjølv. – Det som er sikkert, er at Ingve André Strand kjem sterkt tilbake i neste NM-runde, som er i Skien, seier Sigurd André Maraas til slutt.