Koret Corona, der fleire fitjarbuar er med,  feirer 5-års jubileum og markerer dette med mellom anna konsert på Fitjar 12. mars.

-Dei 20 damene, saman med dirigent Synnøve Tollås, er i gang med intensive øvingar fram mot jubileumskonsertane i mars. Konsertane – tre i talet – vert arrangert på Stord museum, i Fitjar Kultur- og idrettsbygg og i Moster Amfi.  I den spede starten i 2005, med ni damer med ymse songbakgrunn, hadde ein sett for seg eit lite og intimt kor. Utviklinga har gått litt i ei anna retning, med eit medlemstal som i dag utgjer meir enn dobbelt så mange, heiter det i ei pressemelding frå koret.

Leiar og fitjarbu, Anne Karin Nilsen, forel at ho «føler seg nokså sikker på at noko av det koret kjem til å servera vil falla i smak – både frå scenen og frå kakebordet!»

På konserten i Fitjar kultur- og idrettsbygg vert  Fitjar ad hoc ensemble med Ole Christian Ottestad, Martin Hatlevik, Harald Rydland, Steinar Vik og Heine Bernt Helland med. 

Corona vonar «å kunne gjera stas på begrepet ”magiske øyeblikk” – ei beskriving koret fekk med seg frå dommarpanelet under landskorkonkurransen i Trondheim i 2009.»