A-laget til Fitjar «rana» med seg tre poeng frå Nyamyro på Halsnøy laurdag ettermiddag.

At dei tre poenga var eit ran er vel å overdriva, men det kjendest slik med det same dommaren bles av kampen. Fitjar hadde nemleg lege under 0-1 i 75 minutt, og det var berre ein sterk spurt og to fine mål i sluttminutta som berga dagen for serieleiarane.

Kampen blei akkurat så vanskeleg som Fitjar-gutane hadde rekna med på førehand. Halsnøy trassa motvinden i første omgang og gjekk ut i eit mordarisk tempo, var først på ballen og slo ballen framover til aggressive spissar. Det gjekk berre eit par minutt før me fekk det første varselet om korleis denne kampen skulle arta seg. Halsnøy-angriparen Asmir Jakupovic kom seg fint gjennom Fitjar-forsvaret, og berre ein god Oddgeir Træet i Fitjar-målet hindra 1-0.

Og det skulle ikkje gå mange minutta før dei aggressive heimespelarane fekk utteljing. Dei såg ut til å dra nytte av motvinden då dei slo ballar fram mot angriparane sine i eitt sett. Vinden bremsa ballen, som ofte blei vanskeleg i tima for stressa Fitjar-gutar, som hadde meir enn nok med å henga med i svingane. Og etter vel 10 minutts spel blei det for mykje, dei klarte ikkje å klarera før Ingvald Arneson Johnsen sette ballen sikkert i mål.

Halsnøy heldt fram resten av første omgang i same mordariske stil, med stort tempo og mykje fysisk kontakt. Den gode midtbanen til Fitjar kom ikkje i gang med pasningsspelet sitt. Før dei fekk tak i ballen, kom det alltid ein heimespelar stormande, tok ballen frå dei, og slo lange pasningar fram mot aggressive angrepsspelarar. Når Fitjar fekk ballen, hadde den ein lei tendens til å bli frakta med vinden heilt inn til Halsnøy-keeperen.

Den første Fitjar-sjansen noterte me først etter rundt ein halvtime, då Jan Åge Tislevoll skaut brukbart frå 25 meters hald. Og litt seinare fekk me den beste Fitjar-sjansen i første omgang. Henrik Raunholm Kjelling kom seg fri på venstrevingen og fekk lurt ballen forbi Halsnøy-keeperen frå kanten av 5-meteren. Men han brukte litt for lang tid, slik at ein Halsnøy-forsvarar hadde komme seg inn i målet og fekk klarert.

– Dette tempoet kan Halsnøy aldri klara å halda kampen ut! var hjelpetrenar Ketil Fykse sin kommentar i byrjinga av kampen. Men lenge såg det ut til at han skulle ta feil. Heimelaget heldt fram i same stil i byrjinga av andre omgang. Og det såg meir enn ein gong skummelt ut i Fitjar-forsvaret. Dersom dei hadde gått opp til 2-0, hadde nok resten av lufta gått ut av hardt kjempande Fitjar-gutar. Særleg stygt såg det ut etter rundt 20 minutt, då Halsnøy-angriparen var åleine med keeper, men skaut utanfor.

Men litt etter litt kom serieleiarane frå Fitjar inn i kampen. På midtbanen, der det tidlegare i kampen hadde vore ein sverm av blåkledde halsnøybuar, begynte det å bli betre plass. Me noterte fleire fine skot av Kjell André Thorland og Jan Åge Tislevoll, utan at dei lukkast heilt. Siste halvdelen av andre omgang var Fitjar det beste laget på banen, og me fekk sjå eit utal opne sjansar, sæleg etter at innbytarane Geir Steffen Tranøy og André Helland kom innpå.

Halsnøy kunne takka ein god keeper for at dei gjekk inn i sluttminutta med leiing 1-0. I tillegg redda slitne men innsatsfylte halsnøybuar fleire gonger på streken. Innbytar Geir Steffen Tranøy hadde fleire fine initiativ, og eit kvarter før slutt trudde me Kjell André Thorland skulle utlikna. Det høge, velplasserte skotet gjekk forbi keeper, men inne i målet stod Jan Karsten Sjo og heada ballen ut. Stormløpet mot Halsnøy-buret heldt fram, og 10 minutt før slutt fekk me sjå fire redningar på streken i rask rekkjefølgje. Kjell André Thorland, Jan Åge Tislevoll og Øyvind Fykse Lie stod i kø for å scora, men lukkast ikkje.

Det var difor ikkje ufortent då Helge Træet kunne utlikna for Fitjar i det 85. minuttet på eit velplassert skot frå ca. 20 meter. André Helland la fint inn frå høgresida, og Jan Åge Tislevoll spela ballen vidare til Helge, som plasserte ballen heilt inne ved stolpen. 1-1 og vill jubel for slitne Fitjar-gutar, som nesten hadde gitt opp! Men dei viste ingen teikn på å trekkja seg tilbake for å trygga eitt poeng, og i det 90. minuttet kom sigersmålet. Jan Åge Tislevoll fekk ballen frå Henrik Raunholm Kjelling, og skaut velplassert til side for den arme Halsnøy-keeperen.

Dermed har Fitjar framleis kontroll i toppen av  5. divisjon, sjølv om halsnøybuane kjempa som løver for å rista dei ned frå førarsetet. Best av dei alle var kapteinen Erling Hansen, som dominerte midtbanen i store delar av kampen. Han vann duellar både høgt og lågt og slo gode pasningar framover. Men lufta gjekk etter kvart ut or laget hans, og Fitjar gjorde seg fortent til poeng mot slutten av kampen. På Fitjar var det ingen som utmerkte seg spesielt denne gongen, bortsett frå Helge og Jan Åge, som scora to fine mål.

Fitjar-trenar Kjell Træet smilte lurt etter at den knappe sigeren var i boks. No ser han fram til to heimekampar, mot Rosendal og Solid. Etter laurdagens tokt til Halsnøy leier Fitjar framleis tabellen i 5. divisjon, med 30 poeng. – Men det blir nok ein spanande kamp om dei to opprykksplassane, seier ein fornøgd Fitjar-trenar.