Fitjar vgs-student, Rebekka Karlsen, laga CD med barnehageborn i praksisperioden sin, til inntekt for born i Ukraina.
-Rebekka Karlsen, som går på «Barn og ungdom» på Fitjar Vidaregåande skule, har vore to veker i praksis på Stuastølen Gardsbarnehage. I denne perioden har ho jobba med å gjera opptak av barna i Stuastølen Gardsbarnehage og Bergly Barnehage når dei syng.
-Resultatet har blitt ei herleg CD-plate med usminka barnesong, heiter det.
Prosjektet har elles ei dobbel målsetjing. I april skal «Barn og ungdoms-klassen» på Fitjar Vidaregåande, reisa til Ukraina og besøkja ein barneheim. Til dette treng dei midlar. Difor skal halvparten av inntekta frå CD-salget gå til å finansiera turen, og halvparten skal vera ei gåve til barneheimen.
Elevane vonar sjølvsagt at mange vil nytta høve og kjøpa CD-en, som kostar 100 kroner, og på denne måten støtta prosjektet.
CD-en er i sal på Fitjar Vidaregåande skule og Bok- og Media på Stord. Du kan òg tinga han på tlf 454 25 901.