Me hadde ein kjempeflott campingtur til Tveitafossen laurdag 23. august.

Gunnar, Jon og Eli var allerede på plass og hadde funnet ein kjempefin plass til å setja opp telta når me andre kom til Tveitafossen.

Dette var eit spontanpåfunn frå Gunnar og ungane og me andre heiv oss med.Telta sette me opp litt nedanfor bålplassen og så "arva" me bålet til to hyggelege familiar frå Polen når dei gjekk heim. Me spidda epler på bålet og hadde oss ein lang og god kvelds før me inntok soveposane.

Ungane var kjempflinke å "sanka" inn ved og storkoste seg med bålet. Det var fantastisk å sovna og våkna opp i flott vær og ved lyden av Tveitafossen.

Søndagsmorgonen var me tidlig våken og inntok ein god frukost før me pakka og gjekk heim igjen med OL-finalen mellom Island og Frankrike for herrer som mål.

Ta bilete og send dei inn til fitjarposten.no – og del dine opplevingar med  oss andre.