Etter å ha drive Cafe Annemor i 10 år har Jorunn Torland og Sissel Christensen no bestemt seg for å selje Cafe Annemor.

Dei to driftige damene ønskjer no å prøve noko anna, og tek gjerne nye utfordringar. – Så om nokon har ein spennande jobb, er det berre å ta kontakt, smiler dei.

Samstundes vonar dei verkeleg at det finst nokon nye som med friske idear og godt pågangsmot ønskjer å kjøpe kaféen.

– Det er fortsett behov for ein slik kafe i Fitjar, meiner dei to damene, og legg til:
– Me har i tillegg ei godt opparbeidd catering-verksemd med mange gode og fornøgde kunder rundt i heile Sunnhordland.

Interesserte som ønskjer meir info om dette, kan ta kontakt på tlf. 53 49 98 90.

Kafeen held ope til og med søndag 21. desember. Har du fått gåvekort frå Annemor, er dette siste dagen du kan bruka dei.

– Oj, e da sant? Kva skal me gjere då?
Setningane ovanfor var første reaksjonen til ein vaksen venninnegjeng som var samla rundt eit av borda på Cafe Annemor då fitjarposten.no var innom tidlegare i dag.

– Me brukar jo å ha klubbmøte her kvar onsdag kl 11.00, legg dei til, og synest det er svært trist om kafeen ikkje kan halde fram.

Det er det nok óg mange andre som gjer. Så for bygda si skuld er det berre å vona at det melder seg kjøparar – helst med det første.

Ingressbilete: Damegjeng som  kosar seg på Cafe Annemor, og som synest det blir svært trist om ikkje det fortsett vert Cafe på Larsen. F.v. Sylvi Nysæther, Laila Olsen, Marta Rubach Helland, Henny Strand, Grethe Færøy og Turid Hatlevik. Foto: Håkon C. Hartvedt