Etter kampane langfredag må handballgutane frå Fitjar må nøya seg med C-sluttspel i Holstebro Cup.

Kampane starta langfredag morgon kl. 07.00 mot Vester Hassing GF. Den første kampen var ein godt gjennomført kamp med godt forsvar og fart i angrep, fortel trenar Bengt Monry Olsen, som seier seg godt fonøgd med siger 15-13. Men dei tre neste kampane enda alle med tap.
 
Kamp nr. 2 – mot KFUM København 2 – starta med dårleg forsvarsspel, og dei tapte 1. omgang med 10 mål! Andre omgang blei mykje betre, farten og rytmen stemte, og dei vann omgangen med 1 mål. København-laget var eit svært godt lag, men det blei tap 17-26 til slutt.  Kamp nr. 3 gjekk mot HK73 Fredrikssund. I denne kampen blei utviklinga den same som i den førre kampen. Dårleg forsvar i første omgang, men betre i andre. Her blei tapet heile 25-13, men trenar Bengt Monry Olsen meiner dei burde vore nærmere resultatmessig. Men også dette er eit veldig godt lag.
 
I den fjerde og siste kampen møtte dei JSG Deizisau-Denkendorf 1. No hadde det begynt å tæra på kreftene for «nøkkelspelarane», alle begynte å bli slitne. Det blei gjort mange feil begge vegar, og Fitjar måtte tola eit fortent tap 24-12.

Alt i alt seier trenar Bengt Monry Olsen seg delvis fornøgd etter ein lang langfredag i Holstebro. – Når me er gode, så er me verkeleg gode, seier han, men det svingar for mykje på prestasjonsnivået. Det skal rett nok takast med i betraktninga at me møter lag som er eit år eldre. Me har fått merke forskjellen i muskel kraft og styrke. Me er 1996-modeller, men denne gruppen består mest av gutar fødde i 1995. 

– No gler oss til å spela tre nye kamper i morgen, i C-sluttspelet, seier trenar Benght Monry Olsen til slutt, me møter meir jamngode lag då.