C-ferja i sambandet Halhjem – Sandvikvåg er kansellert i dag.

– På grunn av vêrsituasjonen vil avgangar merkte med «C» vera kansellerte søndag 27. november, fram til vêret blir betre, melder Fjord 1.

Også ferjeruta Arsvågen – Mortavika er ramma av det dårlege vêret, kan me lesa på nettsida til Fjord1.