Fredag kl. 16 – 19 blir det skibytedag hos Odd Larsen AS.

Leiaren i Fitjar Idrettslag, Elin Siglen, har teke initiativ til denne bytedagen. No får fitjarbuen høve til å byta brukt vinterutstyr, primært ski, stavar og sko. Me veit at mange har ski og sko lagra i boder og garasjar. Dette utstyret skulle svært gjerne ha vore i bruk i desse dagar.

Har du utstyr som ikkje passar, kan du ta det med ned til Odd Larsen på fredag og byta det i noko som høver betre. Eller gi det til Fitjar Idrettslag, så sel dei det, og pengane går til lagskassen.

Nytt høvet til å rydda i boden og få utstyr som høver.