Formannskapet har på møte kome med framlegg til kommunestyret om å setja bygningar i SEFRAK- registeret til 0 i skattetakst for 2011.

Som ei føring frå budsjettvedtaket for 2011 vart administrasjonen beden om å gå inn i SEFRAK – registeret og gje fritak for eigedomsskatt for hus i registeret. SEFRAK er ei forkorting for SEkretariatet For Registrering Av faste Kulturminne i Noreg.

Tidligare var det eigaren sjølv som måtte søke fritak for desse husa. Alle var ikkje klar over dette. Slik formannskapet no har bestemt vil administrasjonen manuelt sette skatteverdien til null.

I registeret er det registrert om lag 600 bygningar i Fitjar, men mange er truleg rivne. Dette må sjekkast ut manuelt for kvar bygning. Om lag halvparten av bygningane er registrerte som reiskapshus eller bygningar i landbruk. Desse er allereie sett til 0 i verdi.

Dei resterande bygningane i registeret fordeler seg slik:

Einebustad/våningshus    114  (truleg mange kårhus utan tomt)

Fritidsbygg                     59

Garasje/uthus/ anneks      38

Naust                           106  (truleg mange eldre enn 50 år og sett til 0 i verdi)