Laurdag føremiddag samla handballgruppa i Fitjar IL trenarar og spelarar til trening under leiing av Trond Arnevik.

Fem trenarar i aldersbestemte klassar og 15 spelarar frå laga J14 og G14 fekk glede av dagens samling med Trond Arnevik, som i vinter tok over hovudansvaret for damelaget til Fitjar i 4. divisjon.

Han fortel til Fitjarposten at målet med dagens samling er å skolera trenarane i Fitjar IL og byggja miljø. Sjølv har han over 20 års erfaring frå Solid og Stord, der han har vore rekruttrenar i 2. og 5. divisjon. Han har blant anna jobba mykje med 1994-årgangen i Stord. Han kjenner såleis godt dei unge storspelarane Morten Christensen, Jostein Epland og Inge Aas Eriksen.

For Fitjar IL er det naturlegvis spanande å få del i erfaringane til Trond Arnevik. Han vil ha slike trenarsamlingar ein gong kvart halvår, og kanskje ei økt i månaden med laga J12, J14 og G14. Ofte er det foreldre og ungdommar med begrensa trenarbakgrunn som har fungert som trenarar i den relativt unge handballgruppa i Fitjar. Dei gjer naturlegvis ein god innsats, men manglar ofte handballkunnskapar.

Dette vonar Trond Arnevik å vera med og retta på. – I dag jobbar me med trenarane, å skapa ei felles forståing av treningskultur og miljø. – Spelarane skal vera på, når dei er på trening, seier Trond Arnevik. Han ser på dagens samling som eit godt tiltak for å skapa felles forståing og eit godt miljø.

Handballen i Fitjar ser ut til å vera inne i ei god utvikling for tida. Optimismen i er stor i styret, som etter årsmøtet for nokre dagar sidan ser slik ut: Marita Helland, Monika Hellen Strand, Vibeke Tranøy, Helge Hafsås, Elin Skogen Rimmereid og Kari Raunholm. Sistnemnde er leiar.