Stord-verksemda 3D Vision skal byggja ein fysisk modell av Trondheim by på fire månader.  Foto: Carl-Erik Eriksson © Trondheim kommune.

3D Visjon er eit firma som leverer avanserte 3D-tenester og lagar blant anna utstillingsmodellar og prototypar, og no har dei vunne kontrakt på ein 3D-modell av Trondheim by.  Ronny Reigstad i firmaet 3D Visjon skriv i ei pressemelding at dei i går signerte ein stor jobb, truleg det største kommersielle 3D print-prosjektet av denne art som er tildelt i Norge til no.

–  Me er både stolte og glade over å ha vunne anbodskonkurransen om å bygge Trondheim by i 3D-modellformat, seier dagleg leiar i verksemda, Ronny Reigstad.

I pressemeldinga heiter det elles:

«3D Vision skal bygge Trondheim på fire månader
Frå Olav Tryggvason grunnla Trondheim i 997 har det teke trøndarane 1018 år å bygge den vakre byen ved Nidelva. No skal Stord-verksemda 3D Vision bygge ein fysisk bymodell på berre fire månader.

Nyttig for politikarar og byplanleggarar
Han signerte i dag kontrakten med representantar frå Trondheim kommune. 3D Vision skal i praksis bygge ein modell som dekkjer ca. 15 kvadratkilometer av sentrale deler av Trondheim.

– Modellen skal byggast i målestokk 1:1000. Det gjer at den får ein fysisk storleik på ca. 15 kvadratmeter. Dette vil sjølvsagt vere ein attraktiv måte å kunne vise innbyggarar og publikum byen i miniatyrformat. Og ikkje minst vil den vere nyttig for politikarar og saksbehandlarar med tanke på korleis ein kan tilpasse nye byutviklingsprosjekt og synleggjere desse saman med eksisterande omgjevnader.

Kan endrast kontinuerleg
Det er Trondheim bystyre som har vedteke å sette av midlar til bymodellen. Bystyret ønskjer at modellen på eit seinare tidspunkt skal kunne utvidast til å omfatte større delar av kommunen.

– Ved å lage modellen i element på om lag ein kvadratmeter kan ein lett gå inn å justere og endre på ein slik modell. Det gjer at den kan utviklast kontinuerleg i mange år framover, påpeikar Reigstad.

Referanseprosjekt
For 3D Vision betyr oppdraget også at det opnar seg nye muligheiter.

– I utgangspunktet kan me 3D-modellere alle mogelege ting. Me har gjort liknande ting tidlegare, men då i mindre målestokk. Me håpar sjølvsagt at dette kan bli eit referanseprosjekt som andre kommunar og byar vil vise interesse for, avsluttar den optimistiske gründeren av 3D Vision.»


Utsnitt frå Trondheim bymodell.


Illustrasjonsbilde av bymodell.


Bymodell levert til Statsbygg våren 2014.
 

Kort om 3D Vision:
3D Vision leverer avanserte 3D print- og designtene ster til fleire ulike bransjar. Produkta spenner frå utstillingsmodellar, til landskapsmodellar, prototypar og sluttprodukt. Ta gjerne turen innom vår heimeside: www.3dvision.no for meir info.