Unikt byggeprosjekt er under oppføring i Fitjar sentrum

Eit funkis-hus med korrekte mål i liten storleik var det første som kom på plass i peparkakebygda Fitjar. I ein prat med «byggeleiar» Sissel Jørgensen får me vite at prosjektet i 2. etasje i Larsenbygget ikkje heiter peparkakeby. – Nei, seier Sissel, her i Fitjar vert det aldri nokon by og difor kallar me det bygd. Elles er det og spesielt fordi det er lagt til rette for byggverk frå fjell til sjø.

– Det må vel vere nokon som kan bake ei vindmølle eller to som får plass øverst, tenkjer Sissel. Ved det blå teppet nederst er det blant anna plass til naust og båtar. Midt i landskapet førestiller me oss det nye feltet i Rossneset . Der står eit stort hus som Mari og Simon har vore med og bygd. Ryktet seier at bestefar var ein god hjelpesmann.

Byggefeltet er stort og Sissel vonar mange vil kome med sine hus av ulikt slag. Tenk om det kunne bli ei peparkake-bygd som avspeglar den varierte busetnaden som er i Fitjar. Då vil det høve med til dømes gardshus, fabrikk-bygg og skulehus i tillegg til det som er nemnd ovanfor.

Idéen til å lage ei peparkakebygd kjem frå Fitjar vidaregåande skule, og det er elevar frå linja Barn og ungdom som samarbeider med Sissel. Dersom husa er plasserte på eit stødig underlag, kan eigarane ta dei med seg heim siste laurdagen før jul, 22. desember. Då vil ein jury ( med utdanna arkitekt frå bygda) gi premie til dei tre beste kakebyggarane. Lat oss minne om at fristen for å stille ut er laurdag om ei veke. Sissel legg til at det er høve til å sitje i gangen og gjere siste finpuss på byggverka som skal setjast opp. Det er tilgjenge i peparkakelokalet når butikkane er opne.til glede for bygda vår, men også til hjelp for personar som lever i tronge kår. Difor skal det plasserast ein stor sparegris i nærleiken, der folk gan gi ei gåve til skulen sitt hjelpearbeid i Ukraina.

Det kjem fleire bilete etter kvart som hus kjem på plass.