Arkivfoto

110 Sørvest meldte kl. 02.31 i natt om at ei hytte brann i Leirpollen på Årskog.

Brannmannskap frå Fitjar rykte ut, men politiet meldte allereie kl.02.33 at bygget var so å seia nedbrent.

Politiet melder vidare på twitter om at bygget skal vera tomt, falleferdig og ikkje i bruk. Hytta var ogso avsidelsiggande, og det var dermed ingen fare for spreiing av brannen.

– Området er sperra av, og patruljen opprettar sak. Mogleg påsett, men per no ingen mistenkte, skriv politiet.