-Bygdekinoen tapte pengar i vårsesongen, og hadde me ikkje fått penger frå "Fitjar Framøve", så hadde me stoppa framsyningane no i sommar, opplyser Agnar Aarskog til fitjarposten.no

Aarskog fortel vidare at dei er i den stoda at dersom besøkstalet no i haust ikkje vert betre enn det var i vår, ser dei seg nøydde til å slutte med kinoframsyningane i Fitjar frå 01.01.09. 

-FKIB AS har ikkje råd til å tape pengar, og me er avhengig av støtte for å drive kinoen.  Alt arbeidet me gjer, og straum etc., vert gjort på dugnad frå oss, seier Agnar Aarskog.